4. Mosebok 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Israelittane utforskar Kanaan

1 Herren sa til Moses:

2Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat.

22Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt.

23Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar.

24Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

25Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet.

26Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet.

272 Mos 3,8Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der.

28Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg.

29I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»

30 14,6f Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!»

31Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.»

32Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn.

335 Mos 9,2Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help