5. Mosebok 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lover om krig

1Når du dreg ut i krig mot fiendane dine og får auge på hestar og vogner, ein hær som er større enn din, så ver ikkje redd dei. For Herren din Gud er med deg, han som førte deg opp frå Egypt.

2Når de stiller opp til strid, skal presten stiga fram og tala til krigsfolket.

3Du skal slå dei alle med bann og utrydda dei, både hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, slik Herren din Gud har bode deg.

18Elles kunne dei læra dykk å ta etter alt det avskyelege dei sjølve har gjort for gudane sine, slik at de syndar mot Herren dykkar Gud.

19Når du krigar mot ein by og må kringsetja han i lang tid før du kan ta han, skal du ikkje bruka øks på trea der og øydeleggja dei. Du kan eta av dei, men du må ikkje hogga dei ned. Er trea på marka menneske, så du må kringsetja dei òg?

20Berre når du er sikker på at trea ikkje ber etande frukt, kan du øydeleggja dei. Du kan hogga dei ned og bruka dei til å byggja stillingar for å kringsetja den byen som er i krig med deg, heilt til han fell.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help