Jeremia 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Bryt dykk nybrot

1Om du kjem tilbake, Israel,

seier Herren,

om du kjem tilbake til meg,

om du fjernar

dei motbydelege gudane dine frå meg

og ikkje flakkar ikring,

2 Omskjer dykk for Herren,

ta bort forhuda frå hjartet dykkar,

de judearar og de som bur i Jerusalem,

elles skal harmen min bryta ut som eld

og brenna utan at nokon sløkkjer,

for det vonde de har gjort.

Ulukka frå nord

5 Lyft banneret! Til Sion!

Berg dykk, bli ikkje ståande!

For eg sender ei ulukke frå nord,

eit stort samanbrot.

7 Ei løve stig opp frå krattet.

Ein som øydelegg folkeslag,

bryt opp og dreg ut frå sin stad

for å leggja landet ditt audt.

Byane dine skal bli til ruinar

der ingen kan bu.

8 Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!

For Herrens brennande vreide

har ikkje vendt seg frå oss.

9Den dagen, seier Herren,

skal kongen og leiarane mista alt mot.

Prestane blir slegne av skrekk,

profetane blir mållause av redsle.

10 Eg høyrer rop som frå ei kvinne med rier,

eit skrik som når ho føder for første gong.

Det er ropet frå dotter Sion,

ho gispar etter luft

og strekkjer hendene ut:

«Ve meg,

eg fell om framfor mordarar!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help