Titus 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Helsing

1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel – utsend for å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna sanninga som gjev gudsfrykt

2Eg helsar Titus, mitt ektefødde barn i vår felles tru: Nåde og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår frelsar!

Eldste og tilsynsmenn

5 Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få orden på det som endå var ugjort, og setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.

6Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.

7For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.

8Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.

9Du må stoppa munnen på dei, for dei fører ulukke over heile familiar når dei spreier ei falsk lære for å få skammeleg vinning sjølve.

12Ein av deira eigne, ein profet, har sagt: «Kretarar har alltid vore løgnarar, råe villdyr, grådige og late!»

13Dei må ikkje halda seg til jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga.

15Matt 15,11; Rom 14,14ffAlt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint. Nei, hos dei er både vitet og samvitet ureine.

162 Tim 3,5; 1 Joh 1,6; 2,4Dei forsikrar høglydt at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og ute av stand til å gjera noko godt.

Blog
About Us
Message
Site Map