1 I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, endå eit syn, etter det eg tidlegare hadde sett.
2I dette synet såg eg at eg var i Susa-borga i provinsen Elam, og eg såg at det var attmed Ulai-elva.
3Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein vêr stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge horna var lange, men det eine var lengre enn det andre, og det lengste voks fram sist.
4Eg såg vêren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga nokon frå han. Vêren gjorde som han ville, og fekk stor makt.
5 Medan eg tenkte på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit veldig horn i skallen.
6Han kom bort til vêren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft.
7Eg såg korleis han kom heilt bort til vêren og stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Vêren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka han ned. Ingen kunne berga vêren frå bukken.
8Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane.
9Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet.
10Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned.
11Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.
12Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
13Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?»
14Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»
15Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og prøvde å skjøna det, stod det framfor meg ein som såg ut som ein mann.
16Og eg høyrde ei menneskerøyst som ropa over Ulai: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»
17Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.»
18og bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den første kongen.
22Det eine hornet som vart brote av, og dei fire andre som voks opp i staden, tyder at fire kongerike skal stå fram frå folket hans, men utan same kraft som han.
23Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset
24Han skal få stor makt, men ikkje så stor som den første. Han skal gjera uhyggjeleg skade og lukkast i alt han gjer. Han skal utsletta dei mektige og folket av dei heilage.
25Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand.
2612,4Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»
27 7,28 Eg, Daniel, låg sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hos kongen. Eg var slegen av undring over synet og skjøna det ikkje.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.