1 Naaman, hærføraren til aramearkongen, hadde mykje å seia hos herren sin og var høgt akta, for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Mannen var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom.
2På eit plyndringstokt hadde aramearane ein gong ført bort ei ung jente frå Israel som fange. No tente ho hos kona til Naaman.
3Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.»
4Naaman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.
5Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift.
6Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.»
7Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.»
8Men då gudsmannen Elisja fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel.»
9Så kom då Naaman med hestar og vogner og stoppa ved døra til Elisjas hus.
10Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.
18Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.»
19Elisja svara: «Far i fred!»
Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,
20sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.»
21Dermed sette Gehasi av stad etter Naaman. Då Naaman såg at nokon kom springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Er alt vel?»
22«Alt er vel», svara Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraim-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par klesskift!»
23Naaman svara: «Ver så snill å ta to talentar!» Han bad han inntrengjande og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to klesskift og gav til to av tenestegutane sine, som bar dei føre Gehasi.
24Men då dei kom opp til byhøgda, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så lét han mennene fara, og dei drog.
25Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad», svara han.
26Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då ein mann snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar og klede, oliventre og vinmarker, småfe og storfe, slavar og slavekvinner?
272 Mos 4,6; 4 Mos 12,10; 2 Sam 3,29Hudsjukdomen til Naaman skal for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var huda hans kvit som snø av sjukdomen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.