5. Mosebok 26 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Førstegrøda og tienda

1Når du kjem inn i det landet Herren din Gud vil gje deg til eige, og du legg det under deg og buset deg der,

2Framfor Herren din Guds andlet skal du ta ordet og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han drog ned til Egypt med ein liten flokk og budde der som innflyttar. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk.

6Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg. Eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg.

15Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna folket ditt, Israel, og den jorda du har gjeve oss, slik du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.»

Israel stadfester pakta

16Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse forskriftene og lovene. Du skal halda dei av heile ditt hjarte og heile di sjel og leva etter dei!

17Du har i dag gjeve Herren ditt ord på at han skal vera din Gud, og at du vil gå på hans vegar, halda hans forskrifter, bod og dommar og lyda han.

187,6; 14,2Og Herren har i dag gjeve deg sitt ord på at du skal vera hans kostelege eigedom, slik han har sagt deg, når du held alle hans bod.

192 Mos 19,5f; 5 Mos 28,1Då skal han setja deg høgt over alle folkeslag han har skapt, til pris og ære og prydnad, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, slik som han har sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help