1Den som ofte blir tala til rette og endå er stivnakka,
blir brått knust og kan ikkje lækjast.
2 Fattig og undertrykkjar møtest,
Herren gjev begge lys i auga.
14 16,12; 20,28 Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,
står trona hans fast for alltid.
15 13,24; 22,15 Ris og tilrettevising gjev visdom,
men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.
16 Sal 37,35f Blir dei urettferdige mange, aukar synda,
men dei rettferdige får sjå at dei fell.
17 19,18 Oppdra son din, så gjev han deg ro
og fyller deg med glede.
18Utan openberring fer folket vill,
sæl er den som held lova.
19Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord,
han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.
20 26,12; Fork 5,1 Ser du ein mann som er snar når han talar
– det er større håp for dåren enn for han.
21Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,
endar det med at han blir ulydig.
22 14,29+ Den snarsinte valdar trette,
den hissige gjer mange feilsteg.
23 11,2+; Matt 23,12 Hovmod fører menneske til fall,
men den audmjuke vinn ære.
24 3 Mos 5,1 Helaren hatar sitt eige liv,
dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.
25 1 Sam 13,7–14; Sal 2,12+; Ordt 16,20 Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,
men den som stolar på Herren, har eit vern.
26Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar,
men eit menneske får sin rett frå Herren.
27Dei rettferdige avskyr den som gjer urett,
dei urettferdige avskyr den som lever rett.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.