1Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.
2Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»
3Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.
8Naboane og dei som før hadde sett at han var tiggar, sa då: «Er ikkje dette han som sat og tigga?»
9«Jau, det er han», sa somme. Andre sa: «Nei, men han liknar.» Sjølv sa han: «Det er eg.»
10«Korleis vart auga dine opna?» spurde dei.
11Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»
12«Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.
13Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane.
14Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga til leire og opna auga hans.
15Også farisearane spurde korleis han hadde fått synet. «Han la leire på auga mine», svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.»
16Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte einige om at den som vedkjende at Jesus var Messias, skulle støytast ut av synagogen.
23Difor sa foreldra hans: «Han er gammal nok, spør han sjølv.»
24 Jos 7,19 Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud æra! Vi veit at dette mennesket er ein syndar.»
25Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men dette veit eg: Eg var blind, og no ser eg.»
26«Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han auga dine?»
27«Eg har alt sagt dykk det», sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kanskje vil de òg bli læresveinane hans?»
28Dei skjelte han ut og sa: «Du er læresveinen hans, vi er læresveinane til Moses.
29Vi veit at Gud har tala til Moses, men vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå.»
30«Det er då underleg», sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna auga mine.
31Sal 66,18; Ordt 15,29; Jes 1,15Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har gudsfrykt og gjer etter hans vilje.
32Så lenge verda har stått, har ein aldri høyrt om at nokon har opna auga på ein som er fødd blind.
333,2Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.»
34Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.
35Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?»
36Mannen svara: «Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han?»
374,26«Du har sett han», sa Jesus. «Det er han som no snakkar med deg.»
38«Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han.
39 Matt 13,11ff; Joh 12,40.47f Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.»
40Matt 15,14; 23,26Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kanskje vi òg er blinde?»
4115,22Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.