1 Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.»
2Fordi dette folket foraktar
Siloas vatn, som renn så stilt,
og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7sjå, difor lèt Herren
Storelva stiga over dei
med veldige vassmengder
– assyrarkongen og all hans makt.
Ho skal stiga over alle sine elvefar
og gå over alle sine bredder,
8 ho kjem inn over Juda,
fløymer over og breier seg utover
til ho når opp til halsen.
Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,
så vidt som det er, Immanuel!
9 Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!
Lytt, alle fjerne land!
Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,
rust til strid og bli slegne av skrekk!
10 Eg vil binda inn vitnemålet
og forsegla lova hos læresveinane mine.
17 Sjå, eg og borna som Herren har gjeve meg,
er teikn og varsel i Israel
frå Herren over hærskarane,
han som bur på Sion-fjellet.
19Men når dei seier til dykk:
«Spør gjenferd og spådomsånder til råds,
slike som kviskrar og mumlar!
Skal ikkje eit folk spørja sine gudar,
spørja dei døde til råds for dei levande
20 58,8 om lov og om vitnemål?»
Sanneleg, for dei som seier slikt,
står ikkje sola opp meir!
21 Sal 59,16; Am 8,11ff Forkomen og svolten skal han dra omkring.
Når han svelt, blir han harm
og forbannar sin konge og sin Gud.
Anten han vender seg mot det høge
22 5,30 eller ser utover jorda,
er det naud og natt, trengsle og mørker.
I mørkret er han støytt ut.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.