1 Den første pakta hadde òg sine forskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.
2Men Kristus er komen som øvsteprest for alt det gode vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer til denne skapte verda.
12Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.
16Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.
17Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.
192 Mos 24,3ffFor då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket
202 Mos 24,8og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»
21Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.
223 Mos 17,11Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.
23 8,5 Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.
248,2; 9,11f; 1 Joh 2,1For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.
25Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.
261,2; 1 Pet 1,20; 3,18Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.
27Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen,
28Jes 53,12; Joh 1,29; Rom 6,10; Fil 3,20; Hebr 7,27; 9,12.26; 10,10.12; 1 Pet 2,24; 3,18slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.