Ester 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ester blir dronning

1 I borga Susa var det ein jødisk mann som heitte Mordekai. Han var son til Ja'ir, son til Sjimi, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen.

6Han høyrde til dei som var førte i eksil frå Jerusalem saman med Jekonja, kongen i Juda. Det var han som Nebukadnesar, kongen i Babel, hadde ført i eksil.

7Mordekai var fosterfar til Hadassa, også kalla Ester. Ho var dotter til onkelen hans og hadde korkje far eller mor. Ho var ei velskapt og vakker ung kvinne. Då far og mor hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.

8Kongens ord og bod vart kjende, og mange unge kvinner vart samla i borga Susa under tilsyn av Hegai. Ester vart òg henta til kongens slott, til Hegai, som vakta kvinnene.

9Då jomfruene vart samla for andre gong, sat Mordekai i slottsporten.

20Ester fortalde framleis ikkje noko om kva slekt eller folk ho høyrde til, slik Mordekai hadde sagt henne. Ho rette seg etter det Mordekai sa, som ho hadde gjort det då han var fosterfar for henne.

21I dei dagane hende det, medan Mordekai sat i slottsporten, at dørvaktarane Bigtan og Teresj, to av kongens evnukkar, vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å leggja hand på han.

22Dette fekk Mordekai vita, og han fortalde det til dronning Ester. Ester sa det vidare til kongen på vegner av Mordekai.

235,14; 6,1f; 7,9f; 9,13fSaka vart granska, og då det viste seg å vera slik, vart begge mennene hengde på ein påle. Dette vart skrive ned i krønikeboka i kongens nærvær.

Blog
About Us
Message
Site Map