1 Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!
Lyft banneret, lat det høyrast!
Løyn det ikkje, men sei:
Babel er teken,
Bel har vorte til skamme,
og Marduk er slegen av skrekk.
Gudebileta har vorte til skamme,
avgudane er slegne av skrekk.
3For eit folkeslag frå nord rykkjer fram
og gjer landet til øydemark
så ingen kan bu der;
både menneske og dyr flyktar og dreg bort.
4
i ei evig pakt som aldri blir gløymd!»
6 Dra opp mot Meratajim-landet
og gå til åtak på det!
Gå mot dei som bur i Pekod,
forfølg dei med sverd og slå dei med bann!
Gjer alt det eg byd deg,
seier Herren.
22Det er krigslarm i landet,
eit stort samanbrot.
23 Tørke mot vatnet!
Det tørkar bort.
For dette er landet for gudebilete,
dei blir galne av skrekkbileta sine.
39 Jes 13,20f; 34,10ff; Op 18,2 Difor:
Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,
og strutsar skal halda til der.
Aldri skal byen byggjast meir,
frå slekt til slekt skal ingen bu der.
40 49,18 Det skal gå som då Gud øydela
Sodoma og Gomorra og grannebyane,
seier Herren.
Ingen skal bu der,
ikkje eit menneske slå seg ned.
41 1,13ff; 6,22ff Sjå, det kjem eit folk frå nord,
eit stort folkeslag og mange kongar
bryt opp frå ytste enden av jorda.
42 Jes 13,17f Dei har boge og sabel i handa,
dei er grufulle og viser ingen nåde.
Larmen drønnar som havet.
På hestar kjem dei ridande,
rusta til krig mot deg, dotter Babel.
43Då kongen av Babel høyrde ryktet om dei,
vart hendene hans slappe.
Trengsle greip han,
rier som hos ei fødande kvinne.
44 49,19–21 Sjå, lik løva som kjem opp
frå den tette Jordan-skogen
til sletta som alltid er grøn,
slik skal eg på ein augneblink
driva dei bort frå landet.
Kven er den utvalde som eg skal setja over det?
For kven er som eg?
Kven kan stemna meg?
Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
45Difor, høyr kva avgjerd
Herren har teke om Babel,
kva plan han har lagt
mot landet til kaldearane.
Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,
og beitemarkene deira skal bli aude.
46Ropet «Babel er teken!»
får jorda til å skjelva,
og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.