1 Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Nokre simple menn som gjekk og dreiv, samla seg om Jefta og drog ut med han på tokta hans.
4 Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då Israel kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»
14Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen
15så skal den første som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga tilbake frå krigen mot ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»
32Så drog Jefta ut og kjempa mot ammonittane, og Herren gav dei over i hans hender.
33Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»
36Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, fiendane dine.
37Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til», sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå omkring på fjella med veninnene mine og gråta over at eg må døy som jomfru.»
38«Gå du!» svara han, og han lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret over jomfrudomen sin.
39Men då dei to månadene var til ende, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore ein skikk i Israel
40at israelittiske døtrer fire dagar i året går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.