1. Samuelsbok 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Samuel tok ei oljekrukke og helte oljen ut over hovudet til Saul. Han kyste Saul og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.

2Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.

5Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød.

6Gå føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og ofra brennoffer og fredsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier deg kva du skal gjera.»

9Då Saul snudde seg for å gå frå Samuel, gav Gud han eit anna hjarte. Og same dagen hende alle desse teikna.

10Han kom til Gibea, der han møtte ein flokk profetar. Då kom Guds ande over han, og han vart gripen av profetisk glød saman med dei.

11Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok som han la ned for Herrens andlet. Sidan sende han folket heim, kvar til sitt.

26Saul drog òg heim til Gibea, og med han følgde det nokre djerve menn. Gud hadde rørt ved hjartet deira.

27Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Dei forakta han og kom ikkje med hyllingsgåve til han.

°Nahasj, kongen over ammonittane, undertrykte gadittane og rubenittane med makt. Han stakk ut det høgre auget på dei, og det fanst ingen redningsmann for Israel. Det var ikkje att nokon israelitt på den andre sida av Jordan som ikkje Nahasj, kongen over ammonittane, hadde stukke ut høgre auget på. Men sjå, sju tusen mann berga seg frå handa åt ammonittane, og dei kom til Jabesj i Gilead.

Blog
About Us
Message
Site Map