Forkynnaren 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Del det du har

1 Ordt 19,17; Luk 14,12–14; 2 Kor 9,6 Kast ditt brød på vatnet,

for med tida skal du finna det att.

2Del det du har, med sju eller åtte;

for du veit ikkje kva for ulukke

som kan henda på jorda.

3Når skyene blir fulle av regn,

auser dei det ut over jorda.

Fell eit tre, mot sør eller nord,

blir det liggjande på staden der det fall.

4Den som aktar på vinden, får ikkje så,

den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.

5 Sal 139,15; Fork 3,11; Joh 3,8 Like lite som du veit

korleis vinden blæs

og beina blir til i mors liv,

like lite kan du skjøna

Guds gjerningar, han som gjer alle ting.

6Så ditt såkorn om morgonen,

og lat ikkje handa kvila mot kveld.

Du veit då ikkje kva som vil lukkast,

det eine eller det andre,

eller om begge delar er like gode.

Gled deg

7Lyset gjer godt,

det er ein fryd for auget å sjå sola.

8Om mennesket får leva i mange år,

skal det gleda seg over dei alle,

men òg tenkja på dei mørke dagane,

for av dei blir det mange.

Alt som kjem, er forgjengeleg.

9 12,14 Gled deg, du ungdom, medan du er ung,

ver glad og fornøgd i livsvåren!

Gå på dei vegane hjartet vil,

følg det som lokkar ditt auge!

Men vit at for alt som du gjer,

skal Gud krevja deg til rekneskap.

10Få bort det som piner hjartet,

og det som plagar kroppen!

For barndom og ungdom

er som ein pust.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help