1 Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han.
5Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.
6Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat,
7Kongen vart gripen og ført opp til Ribla i Hamat-landet, til kongen av Babel, som felte dommen over han.
10Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.
13Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.
14Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.
15Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane.
16Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.
17 Begge søylene var atten alner høge og tolv alner i omkrins. Dei var fire fingrar tjukke og hole.
22Begge hadde eit søylehovud av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse. Slik var begge søylene.
23Nittiseks granateple hang fritt. I alt var det hundre granateple rundt om på slyngornamenta.
Judearane blir førte i eksil til Babel24Sjefen for livvakta tok med seg øvstepresten Seraja og Sefanja, presten under han, og dei tre dørvaktarane.
25Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, sju av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket elles som fanst i byen.
26Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla,
27og kongen slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.
28Dette er folket som Nebukadnesar førte i eksil: i det sjuande styringsåret 3023 frå Juda,
29i Nebukadnesars attande år 832 frå Jerusalem.
30I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvaktsjefen, 745 judearar i eksil. Til saman var det 4600 personar.
Kong Jojakin blir teken til nåde31 I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet.
32Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel.
33Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde.
34Sitt daglege brød fekk han av Babel-kongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.