1 Herren sa til Moses:
2Den åttande dagen skal han ta to feilfrie vêrlam og eit årsgammalt, feilfritt holam og til grødeoffer tre tiandedels mål fint mjøl blanda med olje, og så ein log olje.
11Presten som står for reinsinga, skal føra den som skal reinsast og offergåvene hans fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen.
12Så skal presten ta det eine vêrlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens andlet.
13Når de kjem inn i Kanaans land, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt soppsjukdom ramma eit hus i landet som er dykkar eigedom,
35då skal huseigaren gå og melda frå til presten og seia: «Det ser ut til at huset er ramma av soppsjukdom.»
36Då skal presten setja dei til å rydda huset før han sjølv kjem og undersøkjer soppåtaket, så ikkje alt det som er i huset, blir ureint. Etterpå kan presten koma og undersøkja huset.
37Han skal undersøkja åtaket. Dersom husveggene som er ramma, har grønvorne eller raudvorne søkk og overflata på dei ligg djupare enn veggen,
38då skal presten gå ut or huset, til inngangen til huset, og stengja huset for sju dagar.
39Den sjuande dagen skal presten koma att og undersøkja det. Dersom åtaket med sopp har breidd seg på husveggene,
40skal presten setja folk til å bryta ut dei steinane som er ramma, og kasta dei utanfor byen, på ein urein stad.
41Dei skal skrapa huset ned innvendes, heilt rundt, og murpussen som dei har skrapa av, skal dei kasta utanfor byen, på ein urein stad.
42Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny mørtel og pussa huset med.
43Blir huset ramma på nytt etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa,
44skal presten koma og undersøkja det. Har åtaket då breidd seg på huset, er det tærande sjukdom på det. Då er det ureint.
45Huset skal rivast, både steinane, treverket og all murpussen, og førast ut or byen til ein urein stad.
46Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.
47Den som legg seg ned i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine.
48Men om presten kjem og undersøkjer huset og soppåtaket ikkje har breidd seg i huset etter at det vart pussa, då skal presten slå fast at huset er reint. For soppsjukdomen er lækt.
49For å reinsa huset skal han ta to fuglar, sedertre, karmosinraud ull og isop.
50Den eine fuglen skal han slakta over eit leirkar som er fylt med friskt vatn.
51Så skal han ta sedertreet, isopen, den karmosinraude ulla og den levande fuglen og dyppa det i blodet av den fuglen som er slakta, og i det friske vatnet og skvetta på huset sju gonger.
52Når han på denne måten har reinsa huset for synd med fugleblodet, det friske vatnet, den levande fuglen, sedertreet, isopen og den karmosinraude ulla,
53skal han la den levande fuglen flyga ut over marka utanfor byen. Såleis skal han gjera soning for huset. Då er det reint.
54Dette er lova om allslags åtak av hudsjukdom og om skurv,
55om sjukdom på klede og på hus,
56om blemmer, utslett og bleike flekker,
57så de kan avgjera når noko er ureint, og når det er reint. Dette er lova om hudsjukdom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.