5. Mosebok 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, blir landsmannen din ærelaus i dine auge.

4 Om brør bur saman og ein av dei døyr utan å ha fått nokon son, skal enkja hans ikkje gifta seg med ein utanfor slekta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og gjera si plikt som svoger ved å ta henne til kone.

6Den første sonen ho føder, skal bera vidare namnet til broren som er død, så namnet ikkje blir utsletta i Israel.

7Men dersom mannen ikkje har lyst til å ta svigerinna si til ekte, skal ho gå til dei eldste i byporten og seia: «Svogeren min nektar å oppfylla svogerplikta si og føra vidare namnet til bror sin i Israel. Han er ikkje villig til å ta meg til kone.»

8Då skal dei eldste i byen kalla mannen til seg og tala han til rette. Held han fast på sitt og seier at han ikkje vil ta henne til kone,

9skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og svara han: «Slik gjer ein med den mannen som ikkje vil byggja huset til bror sin.»

10Sidan skal dei kalla slekta hans «Berrfot-slekta» i Israel.

Andre lover

11Det kan henda at to landsmenn kjem i slagsmål. Kona til den eine kjem til for å redda mannen sin frå han som slår. Ho retter ut handa og grip han om kjønnsdelane.

12Då skal du hogga handa av henne. Vis inga medkjensle.

13 3 Mos 19,35f; Esek 45,10 Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme tunge og somme lette.

14Du skal ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.

15Du skal ha rette vektlodd og eit rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

16Ordt 11,1

Herren din Gud avskyr alle som gjer urett på denne måten.

Straffa over amalekittane

17 2 Mos 17,8–16; Sal 83,4–9 Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg undervegs då de drog ut frå Egypt.

18Dei overraska deg på vegen då du var utsvelt og utmatta. Utan frykt for Gud hogg dei ned baktroppen, alle som hadde vorte liggjande etter.

192 Mos 17,14; 5 Mos 12,9; 1 Sam 15,2f; 1 Krøn 4,43Når Herren din Gud lèt deg få fred for alle fiendar rundt omkring i det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom og lèt deg ta, skal du utsletta minnet om amalekittane under himmelen. Gløym det ikkje!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help