Salmane 85 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2

4 2 Mos 32,14; Sal 78,38; Hos 11,9 All din harme tok du tilbake,

du vende deg om frå din brennande vreide.

5Før oss tilbake, Gud, vår frelsar,

lat din uvilje mot oss ta slutt!

6 77,8+ Vil du vera harm på oss for alltid

og la vreiden vara frå slekt til slekt?

7Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt

så folket ditt kan gleda seg i deg?

8Lat oss få sjå di miskunn, Herre,

gjev oss di frelse!

9 Jer 29,11ff Eg vil høyra kva Gud Herren seier.

For han talar fred til sitt folk,

til sine trugne,

– berre dei ikkje vender attende til dårskap!

10 145,18; Jes 51,5 Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han,

så herlegdom skal bu i landet vårt.

11 89,15; 97,2 Miskunn og sanning skal møta kvarandre,

rettferd og fred skal kyssa kvarandre.

12 Jes 45,8 Sanning skal spira opp av jorda

og rettferd sjå ned frå himmelen.

13 65,10f+ Herren skal gje det som godt er,

og landet vårt skal bera si grøde.

14 Jes 58,8 Rettferd går framføre

når han dreg fram.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help