Salmane 81 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.

2Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke,

rop av glede for Jakobs Gud!

3 Han gjorde det til eit lovbod i Josef

då han drog ut frå Egypt.

Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:

7

9 95,7 Høyr, mitt folk, eg formanar deg!

Israel, om du berre ville høyra på meg!

10 2 Mos 20,2ff+ Ingen framand gud må finnast hos deg,

du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!

11Eg er Herren din Gud

som førte deg opp frå Egypt.

Lat opp munnen, så fyller eg han!

12Men folket mitt høyrde ikkje på meg,

Israel ville ikkje lyda meg.

13Så lét eg dei fara, forherda i hjartet;

dei følgde sine eigne planar.

14 5 Mos 5,29; 28,1 Gjev mitt folk ville høyra på meg,

gjev Israel ville gå på mine vegar!

15Då skulle eg kua motstandarane deira med det same

og retta handa mot fienden.

16Dei som hatar Herren, må krypa for han,

deira ulukketid skal alltid vara.

17 5 Mos 32,13f Men han har late Israel eta den beste kveiten.

Eg mettar deg med honning frå berget.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help