Salmane 103 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Han kunngjorde sine vegar for Moses,

sine gjerningar for Israels folk.

8 2 Mos 34,6f+ Mild og nådig er Herren,

sein til vreide og rik på miskunn.

9 Jes 57,16; Mi 7,18 Han kjem ikkje med klagemål for alltid

og er ikkje for evig harm.

10 Esek 20,44 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,

han løner oss ikkje etter vår skuld.

11 36,6+ Så høg som himmelen er over jorda,

så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.

12Så langt som aust er frå vest,

tek han syndene våre bort frå oss.

13Som ein far er mild med sine born,

er Herren mild med dei som fryktar han.

14 1 Mos 2,7; Sal 90,3 For han veit korleis vi er skapte,

han kjem i hug at vi er støv.

15 Job 14,2; Jes 40,6ff Dagane mennesket får, er som gras,

det blømer som blomen på marka.

16 Job 7,10 Når vinden fer over han, er han borte,

staden han stod på, veit ikkje lenger av han.

17 5 Mos 7,9.11; Klag 3,22; Luk 1,50 Men Herrens miskunn er frå æve til æve

over dei som fryktar han.

Hans rettferd når til barneborn,

18 25,10 til dei som held hans pakt

og kjem i hug hans bod,

så dei følgjer dei.

19 9,8+ Herren har reist si trone i himmelen,

han rår som konge over alt.

20 29,1f+ Velsign Herren, de hans englar,

de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.

21Velsign Herren, alle hans hærar,

de tenarar som set hans vilje i verk.

22Velsign Herren, alle hans skapningar,

overalt der han rår.

Velsign Herren, mi sjel!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help