Jeremia 18 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Leira i pottemakarens hand

1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:

2«Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.»

3Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva.

4Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.

5Då kom Herrens ord til meg:

6Forsvinn vel snøen på Libanon

frå høge berget?

Kan det kalde, rennande vatnet

frå framandt land tørka ut?

15 2,32; 3,21; 6,16 Men folket mitt har gløymt meg.

Dei tenner offereld til inga nytte.

Dei snublar på vegane sine,

i dei gamle spora,

og følgjer stigar der ingen veg er bygd.

16 19,8 Slik legg dei landet sitt audt

og gjer det til evig spott.

Alle som går forbi,

skal bli forfærde og rista på hovudet.

17Som ein austavind spreier eg dei

framfor fienden.

Med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på dei

på ulukkedagen deira.

Profeten bed om hemn

18 2,8; 4,9; 8,8 Dei sa: «Kom, lat oss leggja planar mot Jeremia.

For det skal ikkje mangla rettleiing hos presten,

råd hos den vise eller ord hos profeten.

Kom, lat oss slå han med tunga,

vi vil ikkje høyra på alt han seier.»

19 Herre, høyr på meg!

Høyr kva motstandarane mine seier!

20 Sal 7,16; 35,12; Ordt 17,13; 26,27; Jer 38,6ff; Rom 12,17 Skal ein løna godt med vondt?

Dei har grave ei grav for meg!

Hugs at eg stod for ditt andlet

for å tala deira sak

og venda harmen din bort frå dei.

21 Sal 63,11; Jer 20,4 Difor, overgjev borna deira til svolten,

gjev dei til sverdet!

Lat kvinnene bli barnlause og enkjer,

lat mennene råkast av døden,

unggutane deira falla for sverd i krigen.

22Lat det høyrast skrik i husa deira

når du brått lèt røvarar koma over dei.

For dei grov ei grav til å fanga meg

og sette løynde snarer for føtene mine.

23 Sal 109,5ff Men du, Herre, kjenner

alle planane deira om å drepa meg.

Ta ikkje bort deira skuld

og utslett ikkje deira synd for ditt andlet,

men lat dei falla og liggja der!

Grip inn mot dei den tid du er vreid!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help