Forkynnaren 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Urett og fåfengt slit

1 3,16 Igjen såg eg alle dei undertrykte,

dei som lid urett under sola.

Sjå, tårene rann på dei undertrykte,

og det var ingen som trøysta dei.

Handa til undertrykkjarane slo dei,

og det var ingen som trøysta dei.

2 Job 3,11–19; Fork 7,1 Då sa eg: Dei døde er sælare enn dei levande,

dei har det betre enn dei som enno lever.

3 Jer 20,14–18 Men sælare enn begge

er dei som aldri har levd og sett

det vonde som blir gjort under sola.

4Eg såg at alt strev og all dugleik

kjem av at den eine misunner den andre.

Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

5 Ordt 6,9–11 Dåren legg hendene i fanget

og tærer på sitt eige kjøt.

6Betre ei handfull ro

enn begge hender fulle av strev.

Det er som å gjeta vinden.

7Igjen såg eg på det

som er fåfengt under sola:

8Ein mann kan stå heilt åleine,

utan både son og bror,

og likevel er det ingen ende

på alt hans strev;

auga hans blir ikkje mette på rikdom.

«Kven er det eg strevar for

så eg nektar meg sjølv alt godt?»

Dette òg er fåfengt og eit vondt slit.

Einsemd og fellesskap

9Det er betre å vera to enn éin,

dei får god løn for sitt strev.

10For om dei fell, kan den eine

hjelpa den andre opp.

Men stakkars den som er åleine!

Når han fell, er det ingen

som kan reisa han opp.

11Når to ligg saman, blir dei varme,

men korleis kan den som ligg åleine, halda seg varm?

12Om éin blir overvunnen,

kan to halda stand.

Ein tretvinna tråd

slitnar ikkje så fort.

Leiarar skifter

13Det er betre med ein fattig unggut som er klok,

enn ein gammal konge som er dum

og ikkje meir har vit til å høyra på åtvaring.

14Ein som kom ut av fengselet,

vart teken til konge,

men enno medan han styrte,

vart det fødd ein fattig gut.

15Eg såg korleis alle menneske

som gjekk omkring under sola,

gav seg i lag med denne nye

som skulle ta kongens plass.

16Det var ingen ende på alt folket

som han vart førar for.

Men heller ikkje han

vart til glede for dei som kjem etter.

Dette òg er fåfengt, som å gjeta vinden.

Ver audmjuk for Guds andlet

17 1 Sam 15,22; Ordt 15,8; 21,27 Akta foten din når du går til Guds hus!

Det er betre at du kjem dit og høyrer

enn å bera fram offer slik dårane gjer;

dei veit ikkje anna enn å gjera det vonde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help