1 Ve den prektige kransen,
Efraims herlege hovudpryd,
ein visnande blome.
Efraims fruktbare landskap
er krona av fulle menn
utslegne av vin.
2 Sjå, Herren har ein som er sterk og mektig
som ei haglskur og ein herjande storm,
som ei kraftig regnskur med vatn som fløymer.
Med handa slår han den prektige kransen til jorda,
3Efraims fulle menn skal trakkast under fot.
4Den visnande blomen, hans herlege hovudpryd
på toppen av den grøderike dalsida,
skal bli som ein forsommarfiken:
Ikkje før har nokon sett han og fått han i handa,
så er han slukt.
5 «Sav lasav, sav lasav,
kav lakav, kav lakav,
litt her, litt der!»
11 For med stammande lepper
og på framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 For de seier:
«Vi har gjort pakt med døden
og gjort avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem fløymande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort løgn til vårt ly
og gøymt oss bak svik.»
16 Når han har jamna åkeren,
spreier han ikkje då dill og strør ut karve,
sår han ikkje kveite i rader,
bygg på ein høveleg stad
og spelt langs kantane?
26Hans Gud har vist han den rette måten
og lært han korleis det skal gjerast.
27For dill blir ikkje treskt med slede,
og karve blir ikkje overkøyrd av vognhjul.
Nei, dill blir banka ut med stav
og karve med kjepp.
28Blir brødkornet knust?
Nei, ein treskjer det ikkje for alltid.
Ein driv vognhjul og hestar over det,
men lèt dei ikkje knusa kornet.
29Også dette kjem
frå Herren over hærskarane.
Hans råd er underfulle,
hans visdom er stor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.