Ordtaka 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Truskap mot Herren og boda hans

1 Lat aldri godleik og truskap fara!

Bind dei om halsen,

skriv dei på hjartetavla!

4 Sæl er den som finn Visdomen

og vinn seg forstand!

14 Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,

lukkelege er dei som støttar seg til henne.

19 1 Mos 1,1ff; Job 26,7ff; Sal 33,6ff; Ordt 8,22ff Med visdom grunnla Herren jorda,

han grunnfeste himmelen med forstand.

20Ved kunnskapen hans vart djupa opna,

og skyene lét dogg drypa.

21Son min, ta vare på klokskap og omtanke,

slepp dei ikkje av syne!

22 1,9 Dei skal vera til liv for deg,

ei vakker kjede om halsen.

23 Sal 91,12; Ordt 4,12 Då kan du vandra trygt på din veg

og ikkje støyta foten mot noko.

24 Sal 3,6; 4,9 Du er ikkje redd når du går til ro,

og når du har lagt deg, søv du så godt.

25 Sal 91,5 Du blir ikkje redd for uventa fare

når øydelegginga kjem for dei urettferdige.

26For Herren skal vera ved di side,

han skal vakta foten din for snara.

Ein god granne

27 Matt 5,42 Når det står i di makt å gjera det gode,

skal du ikkje halda det tilbake

frå den som har rett på det.

28 3 Mos 19,18 Om du har noko, sei ikkje då til din neste:

«Kom att, i morgon skal du få!»

29Legg ikkje vonde planar mot din neste,

som trur det er trygt å vera grannen din.

30Trett ikkje med nokon utan grunn

når han ikkje har gjort deg vondt.

31 23,17; 24,1 Misunn ikkje ein valdsmann!

Hans vegar må du aldri velja.

32 Sal 25,14 For Herren avskyr den som er falsk,

men talar fortruleg med dei rettskafne.

33 Herren forbannar huset til dei urettferdige,

men heimen til dei rettferdige velsignar han.

34 Jak 4,6; 1 Pet 5,5 Spottarar svarar han med spott,

men dei audmjuke gjev han nåde.

35Dei vise arvar ære,

men dårar må bera si skam.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help