3. Mosebok 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lysestaken og skodebrøda

1 Herren sa til Moses:

2I teltheilagdomen, utanfor forhenget som er framfor kista med vitnemålet, skal Aron sørgja for at lampene støtt brenn for Herrens andlet frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter.

4Han skal setja opp lampene på lysestaken av reint gull, så dei alltid står for Herrens andlet.

5 Denne sonen spotta Namnet og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibri frå Dan-stammen.

124 Mos 15,34Dei heldt han i forvaring til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.

13Og Herren sa til Moses:

14Før spottaren utanfor leiren! Alle som høyrde han, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile forsamlinga skal steina han.

15Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg.

162 Mos 20,7Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han drepast når han spottar Namnet.

17 2 Mos 21,12; 4 Mos 35,16f Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.

18Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.

19Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:

202 Mos 21,23f; Matt 5,38fbrot for brot, auge for auge, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.

211 Mos 9,6Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.

222 Mos 12,49Éi lov skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.

23Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help