1 Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen.
Når ein kristen lid12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.
13Apg 5,41; Rom 8,17; Kol 1,24Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de òg kan jubla av glede når han openberrar seg i sin herlegdom.
14Matt 5,11; 1 Pet 2,20Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.
15Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre.
16Apg 11,26; Fil 1,20Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
17 Jer 25,29; Esek 9,6; Luk 23,31 For no er tida komen då dommen skal ta til, og han skal ta til med Guds hus. Men kjem dommen over oss først, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium?
18Ordt 11,31
Og er det vanskeleg for den rettferdige å bli frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren?19Sal 31,6; Luk 23,46Difor skal dei som lid etter Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og gjera det gode.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.