1 Då gav Israel denne lovnaden til Herren: «Gjev du dette folket i våre hender, skal vi slå byane deira med bann og utsletta dei.»
3Herren høyrde Israels bøn og gav kanaanearane i deira hender. Og dei slo både kanaanearane og byane deira med bann og utsletta dei. Difor fekk staden namnet Horma.
4 Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig
5Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.
7Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.
8Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»
9Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.
13Derifrå braut dei opp og slo leir på den andre sida av Arnon, i den ørkenen som strekkjer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittane.
14Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:
Vaheb i Sufa og dalane,
Arnon
15og dalsida
som strekkjer seg ned mot Ar
og når til Moabs grense.
16 Så drog dei til Beer. Det er den brønnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»
17Då song Israel denne songen:
Du brønn, vell opp!
Syng til den
18brønnen
som hovdingar har grave ut,
som dei fremste menn i folket har bora
med septer og styrarstav.
Frå ørkenen drog dei til Mattana,
19frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot
20og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over øydemarka.
Sigeren over Sihon og Og21 5 Mos 2,26ff; Dom 11,19ff Israel sende bodberarar til amorittkongen Sihon og sa:
22«Lat meg få dra gjennom landet ditt! Vi skal ikkje svinga inn på åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»
23Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin og drog ut mot Israel i ørkenen. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.
245 Mos 29,7ff; Sal 135,11fMen Israel slo han med sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot ammonittane var det sterke forsvarsverk.
25Alle desse byane tok Israel. Og Israel busette seg i amorittbyane, i Hesjbon og i alle landsbyane som høyrde til.
26For Hesjbon var byen til amorittkongen Sihon. Han hadde ført krig mot den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.
27Difor seier diktarane:
Kom til Hesjbon, bygg byen opp att,
gjer han urokkeleg, Sihons by!
28 4 Mos 21,19f For eld gjekk ut frå Hesjbon,
ein loge frå Sihons by,
han fortærte Ar i Moab,
slukte Bamot ved Arnon.
29 1 Kong 11,7; Jer 48,45f Ve deg, du Moab!
Det er ute med deg, du Kemosj-folk.
Han har gjort sønene sine til flyktningar,
sendt døtrene som fangeferd
til amorittkongen Sihon.
30Vi skaut dei ned,
Hesjbon ligg aud til Dibon.
Vi herja heilt til Nofah,
som ligg bortmed Medeba.
31No slo Israel seg ned i amorittlandet.
32Moses sende folk som skulle spionera i Jaser. Dei tok byane der omkring og dreiv ut amorittane som budde der.
33 5 Mos 3,1ff Så snudde dei og drog oppover til Basan. Då drog kong Og i Basan ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i.
34Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera det same med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»
35Då slo dei han og sønene hans og heile hæren hans. Ingen overlevande vart att. Så tok dei landet i eige.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.