4. Mosebok 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Israels fråfall ved Peor

1 Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva hor med moabittkvinner.

2Då Israel batt seg til Baal-Peor, flamma Herrens vreide opp mot Israel.

4Men sjå, då kom ein mann, ein av israelittane, med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom sine eigne landsmenn, midt for auga på Moses og heile Israels forsamling, der dei sat og gret ved opninga til teltheilagdomen.

7Sal 106,30Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og tok eit spyd.

8Så følgde han etter israelitten inn i soverommet og rende det gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.

91 Kor 10,8Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.

10 Herren sa til Moses:

11«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver.

12Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han.

13Sal 106,31Med han og etterkomarane hans skal det gjerast ei pakt om presteteneste for all framtid, fordi han viste brennande iver for sin Gud og gjorde soning for israelittane.»

14Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av leiarane i Simon-stammen.

1531,8Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi. Ho var dotter til Sur, som var leiar for ei av slektene i Midjan.

16Sidan sa Herren til Moses:

1731,2«Gå til strid mot midjanittane og slå dei ned!

18For dei gjekk til strid og la ei listig felle for dykk. Det var dette som hende i saka med Peor og med Kosbi, ho som var dotter til ein midjanittleiar, og ei av deira eigne, og som vart drepen den gongen pesten herja etter saka med Peor.»

Ny folketeljing

19Då pesten var over,

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help