1 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd balsamoljar og edelsteinar. Det har aldri sidan vore slike mengder med balsamoljar i landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
10 Av sandeltreet fekk kongen laga trapper til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Noko liknande hadde aldri vore å sjå i Juda før.
12Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til gåver som takk for det ho hadde hatt med til kongen. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
Salomos rikdom13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
14Attåt det kom avgiftene frå dei handelsreisande og kjøpmennene som innførte varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.
15 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.
16Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sjekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
17Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
18Kongsstolen hadde seks trappesteg og ein fotskammel av gull, som var fest til han. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.
19På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
20Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
21For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
22Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.
23Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans.
24Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.
25Salomo hadde fire tusen stallplassar for hestar og vogner og tolv tusen ryttarar. Av dei plasserte han somme i vognbyane og somme hos seg sjølv i Jerusalem.
261 Kong 4,21; Sal 72,8Han herska over alle kongane frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
27Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.
28Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29 1 Kong 11,41–43 Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat.
30I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
31Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.