1På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk.
2Kona til Jeroboam tok no i veg og kom heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.
18Heile Israel følgde han til grava og heldt sørgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Ahia, tenaren sin.
19 Det som elles er å fortelja om Jeroboam, om krigane han førte og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
20Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hos fedrane sine, og son hans, Nadab, vart konge etter han.
Kong Rehabeam i Juda21 2 Krøn 12,13 Rehabeam, son til Salomo, hadde vorte konge i Juda. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut av alle Israels stammar og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.
22Folket i Juda gjorde det som var vondt i Herrens auge. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.
232 Kong 16,4; 17,10Dei bygde òg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.
245 Mos 23,17Det fanst til og med tempelprostituerte menn i landet. Dei tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 11,40; 2 Krøn 12,2ff I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem.
2610,16fHan tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
27I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane for livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei.
28Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.
29 2 Krøn 12,15f Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
30Heile tida var det krig mellom Rehabeam og Jeroboam.
31Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon. Son hans, Abia, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.