Ordtaka 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Visdomen ropar

1 Høyr, Visdomen ropar,

forstanden lyfter si røyst.

2Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,

ved vegen, der stigane møtest.

3Ved portane inn til byen,

der folk går inn, ropar ho høgt:

4Eg ropar til dykk, de menn,

mi røyst når ut til menneska.

5 Herren bar meg fram som sitt første verk,

før hans gjerningar i fjerne tider.

23Frå eldgammal tid vart eg forma,

i opphavet, før jorda vart til.

24Eg vart fødd då djupa ikkje fanst

og dei vassrike kjeldene ikkje var til.

25 Eg var byggmeister hos han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans andlet.

31Eg leika på hans vide jord

og gledde meg med menneska.

32Så høyr no på meg, born!

Sæle er dei som følgjer mine vegar.

33Høyr på formaninga og bli vise,

forakt henne ikkje!

34Sælt er det mennesket som høyrer på meg,

som dagleg vaker ved dørene mine

og held vakt ved portane mine.

35 3,1ff; 12,2 For den som finn meg, finn livet

og vinn velvilje hos Herren.

36Men den som ikkje finn meg, skader si sjel.

Alle som hatar meg, elskar døden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help