Esekiel 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kjerubane

1 Då lyfte Herrens herlegdom seg opp frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i tempelet. Skya fylte huset, og stråleglansen frå Herrens herlegdom fylte føregarden.

5Lyden frå kjerubvengene kunne høyrast heilt ut i den ytre føregarden. Det var som røysta til Gud, Den veldige, når han talar.

6Då mannen kledd i lin vart beden om å henta eld mellom hjula, mellom kjerubane, gjekk han inn og stilte seg ved det eine hjulet.

7Og ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane. Han tok opp glør og la i nevane på mannen i linkleda. Han tok imot og gjekk ut.

8Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko med form som menneskehender.

9 Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva.

161,19ffNår kjerubane gjekk, gjekk hjula òg ved sida av dei. Og når kjerubane lyfte vengene for å letta frå bakken, dreia ikkje hjula seg bort frå dei.

17Når kjerubane stod, stod hjula òg, og når kjerubane lyfte seg, lyfte hjula seg med dei. For ånda til skapningane var i hjula.

Herrens herlegdom forlèt tempelet

18No flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i tempelet og stilte seg over kjerubane.

19Kjerubane lyfte vengene og letta frå bakken. Eg såg dei gå framover, og hjula følgde med. Dei stansa attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og over dei kvilte herlegdomen til Israels Gud.

20Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.

21Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.

22Andleta deira var like dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva, dei såg ut som dei. Kvar kjerub gjekk beint fram.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help