Salmane 80 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2 Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse,

kom oss til hjelp!

4 Gud, før oss tilbake,

lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

5Gud Herre Sebaot,

kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?

6Tårebrød gjev du dei å eta,

og tårer må dei drikka til overmål.

7 Ein vinstokk tok du frå Egypt,

du dreiv folkeslag ut og planta han.

10Du rydda plass for han

så han slo rot og fylte landet.

11Fjell vart dekte av skuggen,

mektige sedrar av greinene.

12 Han strekte rankene ut til havet

og renningane til Storelva.

13 89,41f Kvifor har du rive ned gjerdet rundt han

så alle som går framom, kan plukka,

14villsvin frå skogen kan gnaga

og krypet på marka kan eta?

15 6,5; 119,132 Vend attende, Gud Sebaot,

skoda ned frå himmelen og sjå!

Ta deg av denne vinstokken,

16 2 Mos 4,22 det du har planta med di høgre hand,

sonen som du sjølv har gjeve styrke!

17Treet er brent opp i elden, hogge av.

Dei skal gå til grunne når du trugar.

18 110,1 Hald di hand over han som er ved di høgre side,

over mennesket som du sjølv har gjeve styrke,

19så vil vi aldri trekkja oss bort frå deg.

Vekk oss til liv att,

så vil vi kalla på ditt namn!

20Gud Herre Sebaot, før oss tilbake,

lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help