1 Det var ein mann frå Sora, frå Dan-slekta, han heitte Manoah. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.
3Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son.
4Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint!
5For sjå, du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og med han skal berginga av Israel frå filistrane ta til.»
6Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.
7Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»
8Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.»
9Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»
11Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han.
12Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?»
13Herrens engel svara Manoah: «Alt det eg nemnde for kona di, må ho passa seg for.
14Ho må ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har pålagt henne, skal ho halda seg etter.»
15 og han sa til kona si: «No må vi døy, for vi har sett Gud.»
23Men kona svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss. Han hadde ikkje late oss sjå alt dette og ikkje høyra slikt som vi har høyrt.»
24 Kona fødde ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han.
2518,12Og Herrens ande tok til å driva han medan han var i Dan-leiren mellom Sora og Esjtaol.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.