Sakarja 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tomme ord og falske syn

1 For terafane har tala tomme ord,

spåmennene har hatt falske syn

og fortalt draumar utan innhald.

Trøysta dei gav, var ingenting verd.

Difor måtte dei driva omkring som sauer

og lida naud,

for dei var utan gjetar.

Israel skal samlast att

3Mot gjetarane logar harmen min,

og bukkane vil eg straffa.

Men Herren over hærskarane

vil sjå til flokken sin, Judas hus,

og gjera dei til sin stolte stridshest.

4 Derifrå kjem hjørnesteinen,

derifrå kjem teltpluggen,

derifrå kjem stridsbogen,

derifrå skal kvar herskar koma.

5 Mi 7,10 Dei skal likna heltar i striden,

trampa fienden ned som søle i gata.

Dei skal føra krig,

for Herren er med dei.

Ryttarane skal bli til skamme.

6 Jes 54,8; Sak 9,13 Eg vil gjera Judas hus sterkt,

og Josefs hus bergar eg.

Eg fører dei tilbake,

for eg viser dei miskunn.

Det skal vera

som om eg aldri hadde støytt dei bort,

for eg er Herren deira Gud,

eg skal svara dei.

7 Sal 104,15 Dei skal vera som heltar frå Efraim,

hjartet deira skal gleda seg som av vin.

Borna skal sjå det og gleda seg

og hjarta deira jubla i Herren.

8 5 Mos 30,1ff Eg plystrar på dei og samlar dei,

for eg friar dei ut.

Dei skal bli mange,

slik dei ein gong var.

9 3 Mos 26,41ff; 5 Mos 4,27ff; Jer 23,3; Esek 37,1ff Sår eg dei ut mellom folka,

skal dei minnast meg langt borte.

Dei skal leva saman med borna sine

og koma tilbake.

10 Jes 49,19ff; Hos 11,11 Eg skal føra dei heim att frå Egypt,

og frå Assur skal eg samla dei.

Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon,

men det finst ikkje nok plass til dei.

11 2 Mos 14,21f; Jes 11,15f Han skal kryssa det opprørte havet

og slå bølgjene ned.

Alle djupa i Nilen skal tørkast ut.

Det Assur er stolt av, skal støytast ned,

septeret skal vika frå Egypt.

12 Mi 4,5 Eg vil gjera dei sterke i Herren,

og dei skal ferdast i hans namn,

seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help