Klagesongane 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Femte song

1 Herre, tenk på det som har hendt oss,

sjå hit, sjå kor dei spottar oss!

2 Slavar har vorte herrane våre,

ingen riv oss ut av hendene deira.

9Vi hentar brød med fare for livet,

i ørkenen trugar sverdet.

10Huda vår er heit som ein omn

av svolten som brenn.

11Dei valdtek kvinnene i Sion

og jomfruene i Judas byar.

12 5 Mos 28,50; Klag 4,16 Dei hengjer stormenn,

ærar ikkje dei eldste.

13Unge menn lyt slita med kverna,

gutar sig under vedbøra.

14Dei gamle sit ikkje lenger i porten,

dei unge har slutta å syngja.

15Vi har ikkje lenger glede i hjartet,

dansen er omsnudd til sorg.

16 Job 19,9; Jer 13,18 Kransen har falle av hovudet.

Ve oss, vi har synda!

17Hjartet har vorte sjukt,

auga har vorte dimme.

18 Jer 9,11 For Sion-fjellet ligg audt,

revar streifar omkring der.

19 Sal 9,8; 146,10 Du, Herre, tronar til evig tid,

din kongsstol står frå slekt til slekt.

20 Sal 13,2 Kvifor har du gløymt oss for alltid,

gått frå oss for alle tider?

21 Job 29,2; Jer 31,18 Herre, før oss tilbake til deg, så vi kan venda attende.

Gjer dagane våre nye, slik dei var før!

22Men du har vraka oss,

du er rasande.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help