1 Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta,
og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
menneske av alle stammar og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental.
121 Krøn 29,11; Op 5,6Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt
og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Fil 2,10; Op 4,2+ Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:
Han som sit på trona,
han og Lammet vere takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 4,10 Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.