1. Mosebok 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tårnet i Babel

1Heile verda hadde same språk og same ord.

2Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der.

3Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.

4«Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»

5Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde.

6Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre.

7Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!»

8Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

Slekta til Sem

10 Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nahor og Haran.

Tarahs slekt

27Dette er slektshistoria til Tarah. Tarah fekk sønene Abram, Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.

28Haran døydde hos Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, Ur i Kaldea.

29Abram og Nahor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai. Kona til Nahor heitte Milka og var dotter til Haran, far til Milka og Jiska.

30Tarah tok med seg sonen Abram og sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til son hans, Abram. Saman forlét dei Ur i Kaldea for å dra til landet Kanaan. Men då dei kom til Harran, slo dei seg ned der.

32Tarah levde i 205 år. Så døydde Tarah i Harran.

Blog
About Us
Message
Site Map