1. Samuelsbok 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herrens paktkiste i filistarlandet

1Filistrane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod.

2Så sende dei bod og samla alle hovdingane over filistarbyane hos seg og spurde dei: «Kva skal vi gjera med paktkista til Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat.» Så flytte dei paktkista til Gat.

9Men då dei hadde flytt henne dit, ramma Herrens hand byen og skapte stor redsle og forvirring. Han heimsøkte folket i byen, og det braut ut byllar både på små og store.

10Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik innbyggjarane i byen: «Dei har flytt paktkista til Israels Gud hit for å drepa oss og alle våre.»

11Dei sende bod og samla alle hovdingane over filistarbyane og sa: «Send paktkista til Israels Gud vekk, og lat henne koma tilbake dit ho høyrer heime, så ho ikkje drep oss og folket vårt.» For det var kome dødsangst over heile byen. Guds hand låg svært tungt på han.

12Dei som ikkje døydde, vart slegne av byllar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help