1 Rehabeam fór til Sikem, for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
2Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der hadde han vorte buande.
3No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel samla til Rehabeam og sa:
4«Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»
5Men han svara dei: «Gå bort og kom så tilbake til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.
6Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»
7Dei svara: «Om du i dag gjer deg til tenar for dette folket så du tener dei og svarar dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»
8Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han.
9«Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.»
10Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min.
11Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»
12Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»
13Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han,
14og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»
15Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.
19Jeroboam bygde ut Sikem i Efraim-fjella og busette seg der. Sidan flytte han derifrå og bygde ut Penuel.
26Jeroboam sa til seg sjølv: «Riket kan snart gå attende til Davids hus.
27Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kan dei igjen koma til å venda hjartet sitt til Juda-kongen, Rehabeam, som var herren deira. Så drep dei meg og gjev seg inn under Rehabeam att.»
28Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.
30Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel.
33Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.