Job 18 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Bildad: Redsler for den ugudelege

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga?

Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!

3Kvifor skulle vi bli rekna som fe?

Er vi så dumme i dykkar auge?

4Raseriet ditt riv deg sund.

Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,

og berget flytta seg?

5 Han blir riven bort frå sitt trygge telt

og ført til redslekongen.

15 1 Mos 19,24; 5 Mos 29,23; Sal 11,6; Luk 17,29 Redsla slår seg ned i teltet han forlét.

Svovel regnar over buplassen hans.

16 Am 2,9 Nede tørkar røtene hans,

oppe visnar greinene.

17 Sal 9,7; Ordt 10,7 Minnet om han blir borte frå landet,

han har ikkje meir eit namn der ute.

18Han blir driven frå lyset til mørkret,

blir jaga frå verda.

19 Sal 21,11 Born har han ikkje,

ingen etterkomar i folket,

ingen overlevande der han budde.

20På hans dag grøssar dei i vest,

i aust blir dei gripne av redsle.

21 20,29 Sanneleg, slik går det med bustaden til vonde menneske,

med staden til den som ikkje kjenner Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help