1 Men kongen i Egypt avsette han i Jerusalem, og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.
4Så sette Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joahas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.
5Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge.
6Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge.
10Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.
11Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.
12Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn.
13 Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender.
18Dei som slapp unna sverdet, førte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.
213 Mos 26,34f; Jer 25,11f; 29,10Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått.
22 Esra 1,1ff I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg:
23Jes 44,28«Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Må Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.