1. Mosebok 50 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar.

11Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.

12Sønene gjorde med Jakob som han hadde bode dei.

13Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.

24 Hebr 11,22 Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.»

252 Mos 13,19; Jos 24,32Og Josef tok Israels-sønene i eid og sa: «Når Gud ser til dykk, då skal de føra knoklane mine med herifrå.»

26Så døydde Josef, 110 år gammal. Dei balsamerte han, og han vart lagd i ei kiste i Egypt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help