5. Mosebok 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Drap med ukjend gjerningsmann

1Når nokon finn ein mann som ligg drepen ute i ope lende i det landet Herren din Gud gjev deg i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel,

2skal dei eldste og dommarane dine gå ut og måla kor langt det er frå den drepne til byane omkring.

3Dei skal slå fast kva for ein by som ligg nærast den drepne. Dei eldste frå denne byen skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid, og som aldri har hatt åk på seg.

4Dei eldste skal leia kviga ned til ein bekk som aldri tørkar ut, på ein stad der marka korkje blir pløgd eller sådd. Der skal dei bryta nakken på kviga.

5 Han skal vedkjenna seg den førstefødde, som er son til den han mislikar, og gje han dobbel arvedel av alt han eig. For han var den første frukta av hans manndom, og førstefødselsretten høyrer han til.

18Det kan henda at ein mann har ein trassig og opprørsk son som ikkje vil høyra på far sin og mor si og ikkje lyder dei, endå dei straffar han.

19Då skal far hans og mor hans ta han med til dei eldste i byen, til byporten,

20og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!»

21Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Du skal utrydda det vonde hos deg. Heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle.

22Når ein mann blir dømd til døden og han blir avretta og hengd opp på eit tre,

23Joh 19,31; Gal 3,13skal du ikkje la den døde kroppen hans bli hangande på treet, men gravleggja han same dagen. For den som blir hengd opp, er forbanna av Gud. Du skal ikkje gjera ureint det landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help