Jesaja 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jerusalem

1 Bodskap om Syne-dalen.

Kva er det med deg?

Kvifor går alle opp på taka?

2Du som er full av høge rop,

du ståkande by,

du jublande by!

Dine drepne er ikkje drepne med sverd,

dei er ikkje døde i krig.

3Dine hovdingar flykta, alle som ein.

Utan at bogen vart brukt, vart dei fanga.

Alle dei fann, vart fanga,

endå dei rømde langt av stad.

4 Elam lyfte pilkoggeret

i tog av vogner, folk og hestar,

og Kir tok dekket av skjolda.

7Dei finaste dalane dine

vart fulle av vogner og hestar,

dei stilte seg opp ved porten.

8 Då tok han bort vernet frå Juda.

Den dagen såg du etter våpna i Skoghuset.

9 De såg til dei mange rivnene i Davidsbyen,

de samla vatnet i Nedredammen,

10 de laga ein dam mellom dei to murane

for vatnet frå Gamledammen.

Men de såg ikkje etter han

som gjorde dette,

de såg ikkje mot han

som planla det for lenge sidan.

12 Den dagen kalla han dykk,

Herren, allhærs Gud,

til å gråta og klaga,

til å raka dykk snaue

og kle dykk i sekkestrie.

13 På han skal dei hengja

heile tyngda av farshuset hans,

både spirer og blad,

alle små kar, frå skåler til krukker.

25Den dagen,

seier Herren over hærskarane,

skal han losna, knaggen

som vart slegen inn på ein sikker stad.

Han skal rivast ut og falla ned,

og det som hang på han, skal knusast.

For Herren har tala.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help