1 Og Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elsk ei kvinne som er elskarinna til ein annan og bryt ekteskapet, slik Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!»
2Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg.
3Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.»
4For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar.
55 Mos 4,29; Jer 31,12Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dagar som kjem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.