1I Jojakims dagar drog kong Nebukadnesar av Babel i krig, og Jojakim måtte gje seg under han i tre år. Men så gjorde Jojakim opprør mot han.
2Då sende Herren røvarflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda for å gjera ende på folket. For så lydde ordet Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.
3Kongen i Egypt drog no ikkje ut frå landet sitt meir, for kongen av Babel hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til elva Eufrat.
Nebukadnesar tek Jerusalem8 På den tid drog mennene til kong Nebukadnesar av Babel opp mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11Nebukadnesar kom sjølv til byen medan mennene hans heldt han kringsett.
12Kongen av Babel gjorde Mattanja, onkel til Jojakim, til konge etter han og endra namnet hans til Sidkia.
1823,31; Jer 52,1ffSidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
19Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort.
20Esek 17,15Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.
Juda-riket går underSidkia gjorde opprør mot kongen av Babel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.