2. Kongebok 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kong Josjia og bokrullen

1 Då sa øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Hilkia gav bokrullen til Sjafan, som las han.

9Riksskrivaren Sjafan gjekk tilbake til kongen og melde: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i tempelet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»

10Så fortalde han kongen at presten Hilkia hadde gjeve han ein bokrull. Og han las opp frå han for kongen.

11Då Josjia høyrde det som stod i bokrullen, reiv han sund kleda sine.

12Så gav han dette bodet til presten Hilkia og til Ahikam, son til Sjafan, Akbor, son til Mika, riksskrivaren Sjafan og kongsmannen Asaja:

13Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til profetkvinna Hulda, som var gift med Sjallum, son til Tikva, son til Harhas, han som hadde tilsyn med kleskammeret. Hulda budde i den nye bydelen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

15og ho sa til dei:

Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

16Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur der, alt det som er nemnt i den bokrullen Juda-kongen har lese.

17For dei har gått ifrå meg og tent offereld for andre gudar. Slik har dei gjort meg rasande med framferda si. Harmen flammar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

18Men til Juda-kongen som sende dykk for å søkja råd hos Herren, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

19Dei rørte ved hjartet ditt, og du audmjuka deg for Herrens andlet då du høyrde det eg tala mot denne staden og mot dei som bur der: at dei skal bli til skrekk og forbanning. Fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt andlet, har eg òg høyrt, seier Herren.

201 Kong 21,29Difor vil eg la deg koma til fedrane dine. I fred skal du sameinast med dei i grava. Auga dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg fører over denne staden.

Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help